Sijti Jarnge

Sijti Jarnge er eit samisk kultur-og utviklingssenter i Hattfjelldal, med arbeidsoppgåver innanfor sørsamisk historie og kultur i Indre Helgeland. Senteret held kurs og seminar, og utgjev bøker.

Josefina Skerk er dagleg leiar. Ideen til senteret oppstod i 1972, og ein plan for senteret vart vedteke i 1976. Byggearbeida byrja i 1982, etter teikningar av arkitekt Kjell Borgen i Oslo, inspirert av kåte-forma. Senteret vart innvigd i 1987.

I Hattfjelldal ligg òg Gaske-Nøørjen Saemienskovle, Sameskulen for Midt-Noreg, etablert i 1951.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra