Gamme
- «kåte» omdirigerer hit. For knutar på tre, sjå kåter.
Gamme (nordsamisk goahti, lules. goahte, pites. gåhte, umes. gåhtie, sørsam. gåetie) er ei eldgammal, enkel form for jordhytte. Han har reisverk av tre som er dekt med jord og/eller torv. Gammar er i dag fyrst og fremst forbundne med samar og kvener, men denne typen bustad har vore nytta over heile landet, heilt sidan dei fyrste menneska kom, til langt opp i historisk tid[1].
Vanlegvis hadde ein gamme eitt rom, men han kunne òg vere avdelt i fleire rom. Eldstaden var gjerne på golvet midt i hytta, med røykhòl i taket (ljore).
Lenger sør i landet enn Finnmark har desse enkle jordhyttene vorte kalla «kjøyte» eller «kåte», og dei vart i nyare tid hovudsakleg brukt som mellombelse bustader for tømmerhoggarar og fangstfolk. Kåtene (samisk goatte) tilsvarar hovudsakleg gammane, men skil seg frå dei ved at stokkane som vert reiste utanpå sperresystemet, ikkje vert kutta i toppen.
Den lengste gammen i verda ligg ved grensestasjonen i Svanvik i Pasvikdalen i Sør-Varanger. Han vart fyrste gong bygd i 1921, men brann ned under krigen, og vart ikkje bygd opp att før i 1998.
Sjå ògEndra
ReferansarEndra
- ↑ Gabrielsen, T., Gammebesøk i sagalitteraturen, Finmark forlag, 24/9-2010.
KjelderEndra
- «Gamme» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 30. desember 2009.
- «Kåte» på SNL.no, innhenta 30. desember 2009 (lisensiert under CC-BY-SA).
- Den sørsamiske gåetien; tronderskbyggeskikk.no