For bukta, sjå Sildegapet.

Sildagapet er ein nynorsk opera frå 2017 av Jostein Avdem Fretland (libretto) og Helge Sunde (musikk).[1] Han blei skriven som ei tingingsverk for Opera Nordfjord. Stykket tek for seg sildefisket i Måløy på 1950-talet, då folketalet i byen blei dobla i samband med fisket.[2]

Operaen hadde fleire oppføringar i oktober 2017 i Operahuset i Nordfjord. Michael Pavelich var dirigent, Ronald Rørvik regissør, Åse Hegrenes og Sunniva Bodvin stod for scenografi og kostymedesign, Ovar Holmen var lysdesignar, Kati Sjøgren var maskør og Toni Herlofson var koreograf og regiassistent.[1]

Roller endre

  • Eivind Kandal som Håkon
  • Martha Standal Pavelich som Inga
  • Jonas Nyløy Navarsete som Guttorm
  • Øystein Skre som Ragnar
  • Jeanette Ekornåsvåg Goldstein som Tora
  • Magne Fremmerlid som
  • Helga Botn som Gunnhild
  • Kristian Krokslett som Erling

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Produksjonar», www.operanordfjord.no, henta 14. juli 2021 
  2. «Sildagapet > Operahuset», www.operahuset.no (på norsk), henta 14. juli 2021