Silje Bjerke

Silje Bjerke (fødd 15. juli 1982) er ein norsk sjakkspelar og den fjerde som har fått tittelen kvinne-IM i sjakk (WIM) i Noreg. Ho er fødd og har vakse opp i Lørenskog, men er nå busett i Oslo, der ho spelar for Schakklubben av 1911 sitt lag i Eliteserien i sjakk. Bjerke er pr. 1. juli 2009 rangert som den nest sterkaste kvinnelege sjakkspelaren i Noreg, etter WIM Ellen Hagesæther.

Silje Bjerke
Bjerke silje 20081120 olympiade dresden.jpg
Fødd 15. juli 1982 (38 år)
Yrke sjakkspelar
Silje Bjerke på Commons

I 2005 blei Silje Bjerke den første kvinna som spelte i eliteklassa i NM, etter å ha kvalifisert seg via ein 2. plass i meisterklassa året før. Ho spelte på det norske kvinnelandslaget i sjakkolympiaden (lag-VM i sjakk) i 2002, 2004, 2006 og 2008[1]. Ho har også representert Noreg i bl.a. ungdoms- og junior-VM.

I 2008 deltok Silje Bjerke i den 26. opne internasjonale turneringa i Andorra. Dette enda i hennar første innteikning i tittelen Kvinne-IM i sjakk (WIM). I Sjakkolympiaden i Dresden i november 2008 sikra Bjerke seg WIM-tittelen etter 6,5 av 9 poeng i kvinneklassa.

Bjerke blei tildelt tittelen WIM av Verdssjakkforbundet FIDE måndag 9. mars 2009.[2] Silje Bjerke var dermed Noreg sine fjerde WIM.

Silje Bjerke er gift med sjakkspelaren Torstein Bae.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra

FotnotarEndra