Torstein Bae (fødd 3. april 1979) er ein norsk sjakkspelar. Torstein Bae vart i 2007 utnemnd til Internasjonal Meister i sjakk. Han oppfylte kravet om 3 turneringsresultat med til saman minst 27 parti i 2001 og 2002. Først ved ein tredjeplass i Noregsmeisterskapen i sjakk i juli 2001[1], så i ei stormeister-turnering i Oslo Schakselskap i januar 2002, og til slutt under EM i sjakk individuelt i Batumi i juni 2002[2]. Han vart deretter tildelt tittelen Internasjonal Meister i sjakk av Verdssjakkforbundet FIDE på vilkår av at han klarte kravet om eigen FIDE-rating på minst 2400[3]. Dette tok si tid, men under Politiken Cup/Nordisk meisterskap i sjakk i Danmark, klarte han den 27. juli 2007 å oppfylle rating-kravet på 2400, etter å ha tatt 6 poeng på dei 8 første rundane mot sterke motstandarar. Verdssjakkforbundet stadfesta deretter pr 1. oktober 2007 at rating-vilkåret var oppfylt, og Torstein Bae blei dermed den 19. dålevande IM i Noreg.

Torstein Bae


Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. april 1979 (44 år)
Oslo
Idrett sjakk
Tok del i

Sjakk-OL 2012, Sjakk-OL 2002

Utmerkingar

TV-prisen

Torstein Bae deltok på det norske landslaget i sjakk-OL (VM for landslag) i 2002 og 2012.

Han var president i Norges Sjakkforbund frå 2004 til 2007. Bae er også medlem av Schakklubben av 1911.

Torstein Bae er gift med sjakkspelaren Silje Bjerke.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Norsk Sjakkblad nr 4 - 2001 side 8
  2. Norsk Sjakkblad nr 4 - 2002, side 27
  3. IM-tittel tildelt "kond on rtg"