Silkehøns
Silkehøns er ein roleg hønserase som kan minna om ein ulldott på grunn av dei lette, dunete fjøra. Fjøra har ikkje den vanlege fjørstrukturen og minner derfor meir om pels enn fjør. Rasen stammar opphavleg frå Aust-Asia. Her blir han rekna som ein delikatesse, men den mørkeblå fargen på kjøtet gjer til at det vert lite nytta i Europa.
Silkehøns har fem tær. Dvergsilkehanen vert ca. 600 gram, høna ca. 500 gram. Storsilkehanen er vanlegvis 1,4–1,7 kg og høna 1,1-1,4 kg.
Bakgrunnsstoff
endre- Silkehønsside hjå hønseoppdrettar Lise Andersen Arkivert 2006-06-21 ved Wayback Machine.
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Silkehøns