Silvaplanasjøen
Silvaplanasjøen (tysk Silvaplanersee; retoromansk Lej da Silvaplauna) er ein innsjø i den øvre Engadindalen i Graubünden i Sveits. Han er kalla opp etter landsbyen Silvaplana. Innsjøen er forbunden til den nærliggande Lej da Champfèr. I lag med den større nabosjøen Silsersee er han av dei største innsjøane i Graubünden.
Silvaplanasjøen | |||
Silvaplanersee Lej da Silvaplauna | |||
innsjø | |||
Frå sørvestsida mot Silvaplana
| |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Tilsig | Inn (kalla Sela etter Silsersee), Fexbach, Ova dal Valhun | ||
Utløp | Champfersjøen (Inn) | ||
Nedslagsfelt | 129 km² | ||
Opphaldstid | kring 250 dagar | ||
Høgd over havet | 1790 moh. | ||
Lengd | 3,1 km | ||
Areal | 2,7 km² | ||
Middeldjupn | 48 m | ||
Største djupn | 77 m | ||
Volum | 0,14 km³ | ||
Koordinatar | 46°26′56″N 9°47′33″E / 46.44889°N 9.79250°E | ||
Byar | Sils Maria, Silvaplana | ||
Silvaplanasjøen 46°27′00″N 9°47′40″E / 46.45°N 9.7944444444444°E | |||
Wikimedia Commons: Lake Silvaplana |
Det ligg ein leirstad ved nordenden av innsjøen. Det vert driven mykje vassport på innsjøen, som kitesurfing og brettsegling om sommaren. Om vinteren, når han er islagt, vert han nytta til langrenn, gåturar og kiting på snø. Den kjende Engadin skimaraton kryssa innsjøen kvart år. Stundom kan isen vere snøfri og vert då nytta til skeising.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lake Silvaplana» frå Wikipedia på engelsk, den 4. februar 2012.