Simav Çayı
Simav Çayı er ei elv i Anatolia i Tyrkia. Ho er 321 km lang og har eit nedslagsfelt på 22 400 km². I antikken vart ho kalla Makestos[1][2] eller Mékestos (gresk Μέκεστος)[3].
Simav Çayı | |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Simav Çayı 39°N 29°E / 39°N 29°E | |||
Wikimedia Commons: Simav River |
Simav spring ut i provinsen Kütahya og renn nord over Simavsletta i provinsen Balıkesir. Det ligg eit reservoar ved Çaygörendammen,[4] og vidare renn ho forbi Susurluk og møter Adirnas. I antikken var Mekestos ei sideelv til Rhyndakos (dagens Adirnas), men i dag dannar Simav hovudleia frå samløpet deira nær Karacabey og ned til Marmarahavet. På dette siste stykket tek ho imot Nilüfer Çayı (i antikken Odrysses).
Munningen av elva er vend mot øya Imrali, som er eit høgtryggleiksfengsel.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Simav River» frå Wikipedia på engelsk, den 11. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Plinius den eldre. Naturhistorie, V, 40, §2.
- ↑ Hazlitt, Wm. Ancient Gazetteer: A Dictionary of Ancient Geography, Sacred and Profane. "Macestus Arkivert 2011-09-26 ved Wayback Machine.." Whittaker & Co. (London), 1851.
- ↑ Strabon. Geografika, XII, 8, §11
- ↑ Turkish General Directorate of State Water Works (DSİ). "Çaygören Baraji" (tr).
Bakgrunnsstoff
endre- A map of the Simav Basin Arkivert 2011-09-18 ved Wayback Machine. (tr)