Sim (russisk Сим) er ei elv i Tsjeljabinsk oblast og Basjkortostan i Russland og ei av sideelvane til Belaja frå venstre i nedslagsfeltet til Volga.

Sim
elv
Sim til byen Asja
Land  Russland
Nedslagsfelt 11 700 km²
Lengd 239 km
Vassføring for 103 km frå munningen
 •  middel 47,9 /s
Munning Belaja
Kart
Simelva
54°29′07″N 56°26′14″E / 54.485277777778°N 56.437222222222°E / 54.485277777778; 56.437222222222
Wikimedia Commons: Sim River

Elva er 239 km lang med eit nedslagsfelt på 11 700 km².

Elva spring ut frå dei sørlege Uralfjella og renn frå der først nord-nordvestover mot byane Sim og Minjar, før ho snur vestover og så sørvestover. Etter å ha passert byen Asja kryssar Sim grensa til Basjkortostan og renn vidare sørvestover til ho munnar ut i Belaja.

Dei største sideelvane hennar er Inzer, Minjarka, Asja og Lemeza.

Kjelder

endre