Inzer
Inzer (russisk Инзер, basjkirsk Инйәр - Injer) er ei elv i Basjkortostan i Russland og ei av sideelvane til Sim.
Inzer | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 5 380 km² | ||
Lengd | 307 km | ||
Middelvassføring | 67,7 m³/s | ||
Munning | Sim | ||
Inzer 54°17′25″N 58°19′07″E / 54.2902°N 58.3187°E | |||
Wikimedia Commons: Inzer River |
Elva startar der elvane Bolsjojgo og Malogo Inzera renn saman. Elva er 307 km lang med eit nedslagsfelt på 5380 km². Middelvassføringa hennar er 67,7 m³/s.
I øvre og midte delar av nedslagsfelt finst det karstformasjonar. Her finn ein òg ein del gran- og furuskog, medan furu, bjørk, eik og lind finst langs nedre delar av elva. Elva vert nytta til tømmerfløyting.
Dei største sideelvane hennar er Tiulmen frå høgre og Siurjunziak, Basu og Askyn frå venstre.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Инзер» frå Wikipedia på russisk, den 19. oktober 2008.