Simone Niggli-Luder
Simone Niggli-Luder (fødd 9. januar 1978) er ein sveitsisk tidlegare orienteringsløpar frå Burgdorf i Bern. Ho er den mestvinnande orienteringsløparen, perioden 2001–2003 sanka ho heile 23 gullmedaljar i verdsmeisterskap i orientering. Ho la opp etter 2013-sesongen, då ho sikra seg sigeren i verdscupen i orientering for niande gong.
Simone Niggli-Luder | |
Statsborgarskap | Sveits |
Fødd | 9. januar 1978 (46 år) Burgdorf i Bern |
Idrett | orientering |
Utmerkingar | Årets idrettsutøvar i Sveits, Årets idrettsutøvar i Sveits, Årets idrettsutøvar i Sveits |
Karriere
endreSimone Luder, gift Niggli-Luder, vart i 2001–2013 verdsmeister sju gongar i klassisk løype og like mange gongar i kort løype, og fem gongar i mellomlang løype. Ved fire høve sprang ho Sveits inn til VM-gull i stafett.
Ho gjekk til topps i verdscupen i orientering åra 2002, 2004–2007, 2009–2010 og 2012–2013. År 2000 kom ho på andreplassen i turneringa.
Simone Niggli-Luder sanka til saman ti gullmedaljar i europameisterskap i orientering, og ho vann begge distansane under Nordisk meisterskap 2007 på Bornholm.
Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap
endre- VM 2001: Gull i klassisk løype, bronse i kort i løype
- VM 2003: Gull i klassisk, mellom og kort løype, samt stafett
- VM 2004: Gull i kort løype
- VM 2005: Gull i klassisk, mellom og kort løype, samt stafett
- VM 2006: Gull i klassisk og mellom-løype, sølv i kort løype, bronse i stafett
- VM 2007: Gull i mellom og kort løype, bronse i klassisk løype
- VM 2009: Gull i klassisk løype, bronse i mellom og kort løype
- VM 2010: Gull i klassisk og kort løype, sølv i mellom-løype
- VM 2012: Gull i klassisk og kort løype, samt stafett
- VM 2013: Gull i klassisk, mellom og kort løype, bronse i stafett
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Simone Niggli-Luder» frå Wikipedia på engelsk, den 26. juni 2023.