Simula

programmeringsspråk

Simula er namnet på to programmeringsspråk: Simula I og Simula 67. Simula er utvikla i 1960-åra ved Norsk reknesentral i Oslo av Ole-Johan Dahl og Kristen Nygaard. Simula hentar mykje av syntaksen frå Algol 60. Simula introduserer objektorientert programmering. Som namnet tilseier er Simula laga for å utføre simuleringar.