Ole-Johan Dahl

norsk ingeniør og informatikar

Ole-Johan Dahl (fødd 12. oktober 1931 Mandal, død 29. juni 2002) var ein norsk informatikar. Han vart i 1968 den første professoren i informatikk i Noreg. Han er internasjonalt kjend som ein pioner innan objektorientert utvikling.

Ole-Johan Dahl
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. oktober 1931
Mandal
Død

29. juni 2002 (70 år)
Asker

Yrke informatikar, ingeniør, universitetslærar
Språk norsk, engelsk
Medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi, Academia Europaea

Ole-Johan Dahl avtente verneplikta ved Forsvarets Forskingsinstitutt frå 1952 under Jan Garwick. Cand.real.-avhandlinga hans frå 1957 var om høgnivå programmering for FREDERIC. Deretter arbeidde Dahl ved Norsk Regnesentral frå 1962. Han utvikla saman med Kristen Nygaard verdas første objektorienterte programmeringsspråk, Simula i 1965. Dette blei lansert internasjonalt i 1967. Objektorientering blir rekna som ei av dei verkeleg store nyvinningane i informatikken si historie. Simula danna grunnlaget for moderne språk som C++ og Java.

Ole-Johan Dahl blei professor i numerisk analyse ved Universitetet i Oslo i 1968. Han underviste mellom anna i kurs om verifisérbar programmering for å forbetre kvaliteten på dataprogram og redusere omfanget av programmeringsfeil. Han var vidare involvert i forsking og rettleiing for å automatisere bevisføring av program. Han skreiv også lærebøker.

Dahl var også ein av dei drivande kreftene for å bygge opp Institutt for Informatikk ved Universitetet i Oslo, der han arbeidde til 31. desember 1999.

Utmerkingar

endre

Bøker og artikler

endre
  • Discrete event simulation languages, Academic Press, 1968.
  • Structured Programming, med C. A. R. Hoare og Edsger Dijkstra, Academic Press, 1972
  • Verifiable Programming, Prentice-Hall, 1992
  • Simula: an ALGOL-based simulation language (med Nygaard), i Communications of the ACM, 9(1966).
  • Class and subclass declarations (med Nygaard). I IFIP konferanse om simuleringsspråk, Oslo, mai 1967

Litteratur

endre
  • From Object-Orientation to Formal Methods: Essays in Memory of Ole-Johan Dahl, Olaf Owe, Stein Krogdahl og Tom Lyche (red.), Springer Verlag, 2004.

Kjelder

endre