46°58′00″N 152°02′00″E / 46.9666667°N 152.0333333°E / 46.9666667; 152.0333333

Simusjir sett frå verdsrommet, NASA.

Simusjir (russisk Симушир, japansk 新知島) er ei vulkansk øy i Kurilane i Russland

Ei rekkje vulkanar (opp til 1539 moh.) dannar øya, som er 59 km lang og 12 km brei med eit areal på 227,6 km². Ein kaldera på 7,5 km i diameter ligg nordaust på øya og delvis under vatn. Midt på øya ligg Prevotoppen og i sørvest ligg Zavaritskij kaldera med tre kalderaer inni kvarandre.

Administrativt høyrer øya til Sakhalin oblast.

Historie

endre

Den russiske sjøfararen Gerasim Izmailov var stranda på Simusjir tidleg i 1770-åra. Han var her eit heilt år og levde av «musling, gras og røter».

Ainufolket og aleutarar busette seg på Simusjir på 1800-talet.

Nordaust på øya ligg Broutonbukta som den sovjetiske marinen nytta som ein hemmeleg ubåtbase mellom 1987 og 1994. Restane av basen kan ein sjå tydeleg på satellittbileta. I dag er ikkje øya busett og fleire sovjetiske landsbyar, som Kraternyj er forlatne.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre