Sindre Martinsen-Evje
norsk politikar
Sindre Martinsen-Evje (fødd 15. november 1981) er ordførar (Ap) i Sarpsborg kommune. Han overtok etter Jan O. Engsmyr 13. oktober 2011.[3] I månadane før han vart vald til ordførar var han konstituert varaordførar. I valperioden 2007–2011 var han gruppeleiar for Arbeidarpartiet i bystyret.
Sindre Martinsen-Evje | |||
| |||
Fødd | 15. november 1981 (43 år) Sarpsborg kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Verv | Gruppeleiar i Sarpsborg kommune (2007-2011) | ||
Verv | Fungerande varaordførar i Sarpsborg kommune (2011)[1] | ||
Verv | Ordførar i Sarpsborg[2] 2011- | ||
Føregangar | Jan O. Engsmyr | ||
Alle verv |
Martinsen-Evje er fødd og oppvaksen i Jelsnes i Sarpsborg. Han er utdanna jurist frå Universitetet i Oslo. Martinsen-Evje vart vald inn i bystyret første gong i 1999. I perioden 2003-2007 var han leiar av hovudutvalet for kultur og oppvekst[4].
Han var i perioden 2009 til 2011 nestleiar i Sarpsborg Arbeiderparti, der han tok over etter noverande stortingsrepresentant Thor Erik Forsberg.
Referansar
endre- Denne artikkelen bygger på «Sindre Martinsen-Evje» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2011.
- ↑ «Sak 34/11 Valg av ny midlertidig varaordfører i varaordførers sykdomsperiode». Sarpsborg kommune, 5. juni 2011.
- ↑ «Sarpsborgs nye topp-politikere». Sarpsborg kommune, 13. oktober 2011.
- ↑ «Nå heter ordføreren Sindre». Sarpsborg Arbeiderblad, 13. oktober 2011.
- ↑ «Tar seks av elleve plasser i formannskapet». Sarpsborg Arbeiderblad 19. september 2003.