Sinistra Democratica

Sinistra Democratica (SD) er eit demokratisk sosialistisk italiensk politisk parti.

Sinistra Democratica
LandItalia
Partileiar(ar)Claudio Fava
Grunnlagt5. mai 2007
Nedlagt24. oktober 2010
HovudkvarterRoma
Ideologidemokratisk sosialisme Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonvenstresida

Partiet blei grunnlagt den 5. mai 2007 av tidlegare medlemer av Democratici di Sinistra (DS) med Fabio Mussi og Gavino Angius i spissen. Desse forlet sistnemnde parti etter at det blei vedteke at dette partiet skulle nedleggjast og slåast saman med sentrumspartiet Democrazia è Libertà - La Margherita, i det dei saman skulle danne Partito Democratico.

Blant dei som har slutta seg til Sinistra Democratica er ein statsråd, (Fabio Mussi), 4 medlemer av Europaparlamentet (Giovanni Berlinguer, Claudio Fava, Pasqualina Napoletano og Giulietto Chiesa), 12 senatorar og 21 frå deputertkammeret. Parlamentarikarane som har etablert seg som ei sjølvstendig gruppe i parlamentet held fram med å støtte den regjerande sentrum-venstre-koalisjonen under leiing av Romano Prodi.

Leiande medlemer har uttrykt at meir enn eit politisk parti, så er Sinistra Democratica ei rørsle med mål om å samle heile venstresida i Italia, frå Rifondazione Comunista til Socialisti Democratici Italiani.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre