Rifondazione Comunista
Rifondazione Comunista, eigentleg Partitio della Rifondazione Comunista, PRC, er eit reformkommunistisk parti i Italia. Det sprang ut av det gamle italienske kommunistpartiet PCI da det blei splitta i 1991. Høgrefløya i partiet danna da det sosialdemokratiske PDS, no DS, Democratici di Sinistra, Venstredemokratane. Da PRC nekta å halde fram med å vere støtteparti for den daverande sentrum-venstreregjeringa i 1998, i protest mot ein etter deira meining nyliberal regjeringspolitikk, blei det mindre partiet PdCI, Partito dei Comunisti Italiani, skipa av dei som var usamde i denne avgjerda. Men PRC sin leiar, Fausto Bertinotti, sa seg i 2004 viljug til å gå inn i ei ny sentrum-venstreregjering for å få fjerna høgreregjeringa til statsminister Silvio Berlusconi (sidan 2001). Fausto Bertinotti er elles også leiar i det nyskipa europeiske venstrepartiet EL. PRC har 6 representantar i EU-parlamentet, der dei høyrer til venstregruppa GUE-NGL (Det sameinte europeiske venstre- Nordiske grøne venstre). PRC har ved vala fått om lag 6 prosent av stemmene totalt, men står sterkare i regionane Bologna og Toscana.
Rifondazione Comunista | |||
| |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Partileiar(ar) | Armando Cossutta | ||
Grunnleggjarar | Armando Cossutta | ||
Grunnlagt | 12. desember 1991 | ||
Hovudkvarter | Roma | ||
Medlemstal | 17 053 (2015) | ||
Ideologi | Eurokommunisme, grøn sosialisme, marxisme, sosialisme, feminisme, antimilitarisme, antistalinistisk venstreside |
PRC har i stor grad makta å stå fram som det fremste politiske uttrykket for dei globaliseringskritiske rørslene, men utan å prøve å underordne dei partiet. Dette har gitt dei stor sympati, men foreløpig ikkje særleg utteljing ved val.
Politisk har PRC tatt klare oppgjer ikkje berre med stalinismen, men med sjølve den leninistiske ideen om partiet som ein fortropp som skal ta statsmakta og endre samfunnet på vegner av massane. Partiet ser seg som ein del av ei brei mangfaldig rørsle mot nyliberalisme og krig. PRC er eit klart reformkommunistisk parti, som skil seg frå både tradisjonell kommunisme og frå sentrumsorientert sosialdemokrati.
PRC har saman med globaliseringskritikarane og fagrørsla mobilisert til store demonstrasjonar dei siste åra. Men resultata ved vala så langt har overbevist partileiinga og fleirtalet i partiet om at dei må vere viljuge til å delta i ei sentrum-venstreregjering for å moblisere veljarane i val.