Sinjaja (russisk Си́няя; latvisk Zilupe; belarusisk Синюха, Sinjukha) er ei elv i Latvia, Belarus og Pskov oblast i Russland og ei av sideelvane til Velikaja frå venstre. Elva er 195 km lang og har eit nedslagsfelt på 2 040 km². Elva har ei middelvassføring på 10,1 m³/s, målt 27 km frå munningen.

Sinjaja
elv
Land  Russland,  Latvia  Belarus
Nedslagsfelt 2 040 km²
Lengd 195 km
Middelvassføring 10,1 /s
Kjelde Osvjskojesjøen
Munning Velikaja
Kart
Sinjaja
56°02′18″N 28°02′05″E / 56.0382°N 28.03485°E / 56.0382; 28.03485
Wikimedia Commons: Sinyaya River

Sinjaja renn ut frå innsjøen Osvejsokje i Vitebsk oblast i Belarus, heilt nord i landet, og nær grensa mellom Belarus, Latvia og Russland. Elva renn nordover og dannar eit lite stykke grensa mellom Latvia og Belarus, så inn i Latvia. I byen Zilupe, 60 km frå kjelda, er ikkje elva meir enn 10 meter brei, men frå her og nedover samlar ho mange sideelvar og veks til 10-15 meter. Etter 10 km langs grensa mellom Latvia og Russland renn ho inn i Russland, der ho renn nordover, parallelt til Issa og Velikaja. Elva renn gjennom Krasnogorodsk og nedanfor denne byen aukar breidda til 30 meter. Sinjaja munnar ut i Velikaja 30 km ovanfor byen Ostrov.

Den største sideelva hennar er Versja frå høgre. Ved elva ligg byane Zilupe i Latvia og landsbyen Krasnogorodsk i Russland.

Kjelder endre