Siren Sundby (fødd 2. desember 1982) er ein norsk seglar, oppvaksen i Son i Vestby kommune. Ho representerer Soon Seilforening.

Siren Sundby


Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. desember 1982 (41 år)
Lørenskog
Idrett segling
Tok del i Sommar-OL 2000, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2008
Utmerkingar Porsgrunds Porselænsfabriks Ærespris

Etter tre års ingeniørstudium på Danmarks Tekniske Universitet er ho no busett i Oslo, der ho tek Master i Innovasjon og Entreprenørskap ved Handelshøgskolen BI.

Siren Sundby byrja å segla optimistjolle allereie som seksåring, og avanserte til europajolle i 1998. I 1999 og 2000 vann ho junior-VM i europajolle, og som 17-åring kvalifiserte ho seg til OL 2000.

I 2003-sesongen vart ho europameister, verdsmeister og vann prøve-ALTE i europajolle. Ho forsvarte VM-gullet i 2004, og var stor favoritt til å ta gullmedaljen under OL i Athen i 2004. Ho hadde favorittstempel og vann ein klår gullmedalje, sjølv etter å ha vorte diskvalifisert i ein av seglasane.

Sundby la opp, men gjorde comeback under OL i Beijing i 2008 som styrmann i Ynglingklassa med Alexandra Koefoed og Lise Birgitte Fredriksen.

Sundby vart vald til Årets kvinnelege seglar av Det internasjonale seilforbundet i 2003. Same år mottok ho òg Porsgrunds Porselænsfabriks Ærespris.

Ho er systera til Christoffer Sundby, som deltok i 49-klassa i ALTE i Athen i 2004, og gift med Christopher Gundersen, som deltok i 49-klassa i ALTE i Beijing 2008.

I 2011 var ho med i tredje utgåve av Mesternes MesterNRK, og starta hausten 2011 som konsulent i Capgemini Consulting.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Siren Sundby