Sissel Bleivik
Sissel Bleivik (fødd 2. juli 1960) er ein tidlegare handballspelar og -trenar, fødd i Sauda og oppvoksen der og i Larvik. Ho var aktiv på Larvik Turn sitt handballag til 1979, spelte deretter halvtanna sesong for Nordstrand IF. Etter eit halvår i Larvik Turn att, melde ho sommaren 1981 overgong til Bækkelaget SK, eit lag ho vart seriemeister med i 1984. Åra mellom 1978 og 1984 deltok Bleivik i 61 av Noregs landskampar, skåra 42 mål. Ho var aktiv i toppserien med Bækkelaget til 1990.
Bleivik er mor til Christian O'Sullivan.
Kjelder
endre- «Arbeiderbladet». Oslo. 2. juli 1994.
- handball.no