Sissel Castberg
Sissel Castberg (21. november 1927–23. mars 1988)[1] var ein norsk forfattar, journalist, keramikar og homoaktivist.
Sissel Castberg | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 21. november 1927 |
Død |
23. mars 1988 (60 år) |
Yrke | skribent, journalist, pottemakar |
Far | Frede Castberg |
Familie
endreSissel Castberg var dotter av jurist og professor Frede Castberg (1893–1977) og kusina hans Ella Anker (1903–1974), og sonedotter av sakføraren og den radikale Venstre-politikaren Johan Castberg.[2]
Liv og virke
endreSissel Castberg vaks opp i Oslo, og budde store delar av andre verdskrigen som landflyktig i Stockholm. Tidleg i 1950-åra tok ho utdanning i Danmark, og fekk svennebrev som keramikar. Ho dreiv deretter ein eigen verkstad, der ho òg dreiv barnehage..[3]
Sidan byrja ho å arbeide med revyar og songtekstar. Ho er mellom anna kjend for «Tannpussevise», som ho skreiv saman med Kåre Grøttum mot slutten av 1960-åra. I same periode skreiv ho òg tre høyrespel, som alle vart sende i NRK. Frå 1979 skreiv ho litteraturanmeldingar i Arbeiderbladet, og i 30 år skreiv ho dikt for Dagbladet.[4] I 1980-åra engasjerte ho seg i verkstadsteateret Det Åpne Teater.
Castberg var mellom dei første som engasjerte seg i Det norske forbundet av 1948. I samband med at stortingsrepresentanten Wenche Lowzow, Kim Friele sin sambuar, stod ope fram som homofil i 1979, skreiv Castberg songen Annleis som ei direkte hyllest til denne handlinga. Han vart skriven til revyen «L/L Wang & Nilsen» med Sølvi Wang og Rolf Just Nilsen. Revyen hadde premiere på Det Norske Teatret 24. november 1979.[2]
Bibliografi
endre- 1965: Bryllupsdagen (høyrespel, sendt i NRK 9/1 1966)
- 1968: Du skjønner da det, ikke sant? (høyrespel, sendt i NRK 2/12 1968)
- 1969: Bli forsørja og ha det godt (høyrespel, sendt i NRK 13/7 1969)[4]
Referansar
endre- ↑ Arbeiderbladet 1988.04.19. 1988. s. 40.
- ↑ 2,0 2,1 «Sissel Castberg», Skeivt arkiv, 21. februar 2019, henta 20. april 2022
- ↑ Hvem er hvem i norsk kulturliv?. Dreyer. 1987. s. 74. ISBN 8209104268.
- ↑ 4,0 4,1 «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 20. april 2022
- Denne artikkelen bygger på «Sissel Castberg» frå Wikipedia på bokmål, den 21. april 2022.
Bakgrunnsstoff
endre- Norsk kvinnelitteraturhistorie. Pax. 1990. s. 253. ISBN 8253014988.
- Skeivt arkiv: Sissel Castberg