Sølvi Wang

norsk songar og skodespelar

Sølvi Valborg Wang (fødd 28. august 1929 i Bærum, død 31. mai 2011 i Oslo)[1] var ein norsk revyartist, songar og skodespelar. Ho var dotter til jazzmusikaren Yngvar Wang og kona til komponisten Egil Monn-Iversen. Dottera deira er fjernsynsprodusenten Bitte Monn-Iversen.

Sølvi Wang

Fødd28. august 1929
Død31. mai 2011 (81 år)
Aktive år1934–2011
Verka somskodespelar, songar, komikar
FarYngvar Wang
EktefelleEgil Monn-Iversen
BornBitte Monn-Iversen, Stein Monn-Iversen
PrisarLeif Justers ærespris, Leonardstatuetten

Karriere endre

Sølvi Wang vart fyrst kjend gjennom ektemannen si gruppe The Monn Keys, saman med Nora Brockstedt, Per Asplin, Oddvar Sanne og Fredrik Conradi. (Seinare også Arne Bendiksen). Ho debuterte med gruppa i revyen Over alle grenserChat Noir i 1954. Ho vart tilsett der frå 1959 til 1963, begynte så ved Edderkoppen Teater fram til 1964. Seinare vart ho tilsett ved Det Norske Teatret.

Saman med Arve Opsahl song ho duetten «Music-Music-Music» i 1950, produsert av ektemannen Egil Monn-Iversen. Sølvi Wang bidrog på over femti innspelingar på plate opp gjennom åra. Ei av desse er Thorbjørn Egners «Klatremus og de andre dyra i Hakkebakkeskogen», der Sølvi Wang spelar Bestemor Skogmus.[2]

Nokre av hennar mest kjende skodespelarroller er hovudpersonen i Trost i taklampa, Annie get your gun, Anita i West Side Story, Golde i Spelemann på taket, Eliza i Pygmalion og Hønse-Lovisa frå filmatiseringa av Ungen. Ho har spelt i ei rekkje filmar, både frå 1950- 60- og 70-åra.[3] Ho spelte Laura Isaksen i Bør Børson jr., både i musikalversjonen og i filmatiseringa.

Sølvi Wang var også kabaretartist, og hadde sitt eige underhaldningsshow som heitte Song of Sølvi. I 1961 deltok ho i Melodi Grand Prix med songen «Far cha-cha».[4] Sølvi Wang vart ein svært folkekjær artist gjennom mange musikalske opptredenar i NRK i 60-åra. Ho var hovudpersonen i seriane Slagerparaden (1960) og Prospektkortene (1963); That's Entertainment frå 1966 vart skreddarsydd til henne. Showet vart NRKs bidrag til tevlinga i Montreux som kåra beste og løgnaste TV-program. I tillegg vann det Chaplinprisen.

Også i 1980-åra var ho ein aktiv NRK-artist, mellom anna i programmet Musikkspill (1980).[5] Den siste framføringa ho gjorde som offentleg artist, var å spela i Spelemann på taket i 1987.

Prisar og utmerkingar endre

Kjelder endre

«Sølvi_Wang» i Store norske leksikon, snl.no., henta inn 15. november 2013.

Fotnotar endre