Sissel Keyn Lodding
Sissel Keyn Lodding (8. oktober 1949–26. februar 2000) var ein norsk frilansjournalist.[1] Ho var òg programleiar for den norske finalen i Melodi Grand Prix 1984.
Sissel Keyn Lodding | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 8. oktober 1949 Oslo |
Død |
26. februar 2000 (50 år) |
Yrke | journalist, programleiar, kokebokforfatter |
Lodding vart fødd og voks opp i Oslo, og budde seinare ni år i England og sju i USA. Tilbake i Noreg tok ho utdanning innan journalistikk, etnologi og språk. Ho jobba blant anna som journalist i Aftenposten, og ho skreiv fleire bøker for barn og unge retta mot eit amerikansk publikum.[2] I 1996 gav ho ut matboka Fra bambusskudd til gurkemeie: på oppdagelsesferd i innvandrerbutikkene på Aschehoug forlag.[3]
Hausten 1983 vart ho plukka ut som eit av fleire unge fjes av NRKs underhaldningsavdeling, og trass mangelen på programleiarrøynsle fekk ho jobben med å leia den norske finalen i Melodi Grand Prix 1984.[4] Detta var den einaste store tv-jobben ho hadde i løpet av karrieren. Ho budde i Oslo fram til ho døydde vinteren 2000.
Kjelder
endre- ↑ «Dødsfall i Norge – Sissel Keyn Lodding». Arkivverket. Henta 20. januar 2017.
- ↑ Grue, Øystein (22. februar 1984). «Grand Prix med ny programleder: Mer profesjonelt». Aftenposten. s. 38.
- ↑ Lodding, Sissel Keyn (1996). Fra bambusskudd til gurkemeie : på oppdagelsesferd i innvandrerbutikkene. Aschehoug. ISBN 8252544789.
- ↑ Hagen, Claus (5. april 1984). «Lynkurs for Sissel foran Grand Prix-finalen». Dagbladet (tv-magasinet). s. 6.
- Denne artikkelen bygger på «Sissel Keyn Lodding» frå Wikipedia på bokmål, den 18. november 2021.