Sivert Kindseth
Sivert Grimsson Kindseth (28. juli 1855–20. november 1920) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Malvik. Han var medlem av partiet Høgre.
Sivert Kindseth | |||
| |||
Fødd | 28. juli 1855 Malvik kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 20. november 1920 (65 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Frisindede Venstre (1909; 1920), Samlingspartiet, Venstre | ||
Yrke | politikar, bonde | ||
Alle verv |
Kindseth var gardbrukar på farsgarden Kindset i Malvik frå 1881 til han døydde. Frå 1885 var han medlem av Malvik heradsstyre, ordførar i heradet i 13 år. I tillegg var han medlem av amtsutvalet i Søndre Trondhjems amt i åtte år. Ei tid var han også styremedlem i Strinden sparebank.
Kindseth var fyrste vararepresentant til Stortinget frå Strinden krins i Søndre Trondhjems amt i perioden 1910-12. Han møtte fast i tida 20. juni-12. juli 1910 i staden for Even Loreng.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Sivert Kindseth NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv