Sivert Pålsson Bratberg
medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll
Sivert Pålsson Bratberg (1780–27. juni 1816) var ein norsk lærar, gardbrukar og eidsvollsmann frå Solberg sokn i Beitstad i Nord-Trøndelag.[1]
Sivert Pålsson Bratberg | |||
Fødd | 1780 Beitstad i Nord-Trøndelag | ||
---|---|---|---|
Død | 27. juni 1816 (36 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Sjølvstendepartiet | ||
Yrke | Lærar og gardbrukar | ||
Verv | Medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll | ||
Alle verv |
Bratberg var i yngre år omgangsskulelærar i Solberg. Sidan var han gardbrukar på garden Velde i heimbygda. I 1814 var han utsending frå Nordre Trondhjems amt til riksforsamlinga på Eidsvoll.[2]
Det er noko uklårt kva for eit parti han stemde med, Eidsvoll 1814 oppgjer at det er ukjend og Store norske leksikon skriv at han moglegvis tilhøyrde Sjølvstendepartiet.[3][4]
Han døydde på garden sin sommaren 1816, etter å ha vorte sparka av ein hest.[1]
I 1914 blei det reist eit minnesmerke over Bratberg og eidsvollmannen Daniel Larsson Skjevik på Solberg gamle kyrkjegard på Beitstad i Steinkjer.[5]
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet, Kristiania, 1914. B. 1 D. 1 : Biografier A-K digital utgåve side 123
- ↑ Biografisk informasjon om Sivert Pålsson Bratberg NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- ↑ «Sivert Paulsen Bratberg». Eidsvoll 1814. Henta 5. mai 2017.
- ↑ Sivert Paulsen Bratberg i Store Norske Leksikon
- ↑ Solberg gamle kirkegård frå Steinkjerleksikonet