Sivuca
Severino Dias de Oliveira (26. mai 1930–14. desember 2006), med artistnamnet Sivuca, var ein brasiliansk trekkspelspelar, gitarist og songar. I tillegg til at han spelte i heimstaten Paraíba og i byane Recife og Rio de Janeiro, arbeidde han og budde i Paris, Lisboa og New York City i periodar.
Sivuca | |||
Sivuca i 1972 | |||
Fødd | 26. mai 1930 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Itabaiana i Paraíba i Brasil | ||
Død | 14. desember 2006 (76 år) | ||
Dødsstad | João Pessoa i Paraíba | ||
Fødenamn | Severino Dias de Oliveira | ||
Opphav | Brasil | ||
Aktiv | 1950-åra til 2000-åra | ||
Sjanger | Latin, jazz | ||
Instrument | Trekkspel, gitar | ||
Verka som | Musikar, komponist |
Han arbeidde med skandinaviske jazzmusikarar i 1980-åra. Blant dei mest kjende songane hans er «João e Maria» med tekst av Chico Buarque og «Feira de Mangaio», kalla opp etter handverkarmarknadane nordaust i Brasil. Han brukte stundom provisoriske instrument i tillegg til vanlege, og kombinertre tradisjonelle, regionale stilar som forró og choro med jazz, bossanova og klassisk musikk. Sivuca og Hermeto Pascoal, begge multi-instrumentalistar med albinisme, arbeidde i lag og vert stundom forveksla med kvarandre.
Han flytta til New York City i 1964 og fram til 1976, og arbeidde med Miriam Makeba og Harry Belafonte blant fleire. I 1980-åra spelte han med Ulf Wakenius på Guitars Unlimited (1987) og Sylvia Vrethammar (Rio de Janeiro Blue, 1985; Rendezvois in Rio, 1995).
Han døydde av kreft 14. desember 2006.[1]
Diskografi
endre- Motivo Para Dancar No. 2 (Copacabana, 1957)
- Motivo Para Dancar (Copacabana, 1958)
- Ve Se Gostas (Odeon, 1959)
- Putte Wickman Meets Sivuca (Swedisc, 1966)
- Golden Bossa Nova Guitar (Reprise, 1968)
- Bossa Nova (Music Hall, 1968)
- Sivuca (Reprise, 1969)
- Rendez-Vous a Rio (Barclay, 1969)
- Joy med Oscar Brown Jr., Jean Paca (RCA Victor, 1970)
- Live at the Village Gate (Vanguard, 1975)
- Gravado Ao Vivo (RCA, 1977)
- Sivuca (Copacabana, 1978)
- Forro e Frevo (Copacabana, 1980)
- Cabelo de Milho (Copacabana, 1980)
- Vou Vida Afora (Copacabana, 1981)
- Forro e Frevo Vol. 2 (Copacabana, 1982)
- Forro e Frevo Vol. 3 (Copacabana, 1983)
- Onca Caetana (Copacabana, 1983)
- Forro e Frevo Vol. 4 (Copacabana, 1984)
- Sivuca & Chiquinho Do Acordeon (Barclay, 1984)
- Chiko's Bar (Sonet, 1985)
- Som Brasil (Young, 1985)
- Let's Vamos (Sonet, 1987)
- Sanfonae e Realejo (3M, 1987)
- Um Pe No Asfalto, Um Pe Na Buraqueira (Copacabana, 1990)
- One Good Turn (Music Partner, 1992)
- Pau Doido (Kuarup, 1992)
- Enfim Solo (Kuarup, 1997)
- Cada Um Belisca Um Pouco (Biscoito Fino, 2004)
- Sivuca Sinfonico (Biscoito Fino, 2004)
- Terra Esperanca (Kuarup, 2006)
- Sivuca e Quinteto Uirapuru (Kuarup, 2010)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sivuca» frå Wikipedia på engelsk, den 30. desember 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ ESTADAO.COM.BR, Friday, 15. desember 2006 Arkivert 4. januar 2007 ved Wayback Machine.