Harry Belafonte

amerikansk skodespelar og songar

Harry Belafonte (1. mars 192725. april 2023) var ein jamaicansk-amerikansk songar og skodespelar. Han var særleg kjend for å ha gjort den melodiøse og rytmiske calypso-musikken frå dei karibiske øyane verdskjend på 1950- og 1960-talet, men han song òg balladar, viser, negro spirituals, musikalnummer og anna, framført med ein karakteristisk mjuk og varm stemme. Belafonte brukte òg kjendisstatusen sin for å fronte kampen for menneskerettar.

Harry Belafonte

Fødd1. mars 1927
FødestadNew York by, Harlem
Død25. april 2023 (96 år)
DødsstadNew York by, Upper West Side
FødenamnHarold George Bellafanti jr.
AliasRaymond Bell
OpphavUSA, Jamaica
Aktiv1949–2023
SjangerCalypso, pop, folkemusikk, verdsmusikk
Instrumentvokal
Stemmetypebaryton
PlateselskapJubilee Records, RCA Victor
Verka somsongar, skodespelar, underhaldningsartist, borgarrettsaktivist, fredsaktivist, plateartist, låtskrivar, fjernsynsskodespelar, filmprodusent, ansvarlig produsent, dansar, politisk aktivist, teaterskodespelar, filmskodespelar
BornShari Belafonte, David Belafonte, Gina Belafonte
PrisarTony-prisen for beste mannlige birolle i en musical, Emmy-prisen, Paul Robeson Award, Kennedy Center Honors, Letelier-Moffitt menneskerettighetspris, National Medal of Arts, Marian Anderson Award, Library of Congress Living Legend, Grammy Lifetime Achievement Award, Bishop John T. Walker Distinguished Humanitarian Service Award, Spingarn-medaljen, Ambassador of Conscience Award, Jean Hersholt Humanitarian Award, Four Freedoms Award - Freedom Medal, Rock and Roll Hall of Fame, NAACP Image Award – Chairman's Award, Jamaicaordenen, Ordenen O.R. Tambos følgesvenner, stjerne på Hollywood Walk of Fame, honorary degree from Spelman College, Theatre World Award

Liv og virke endre

Bakgrunn endre

 
Harry Belafonte som glad calypsosongar i typisk sceneantrekk (1954)
 
Dei amerikanske skodespelarane Harry Belafonte (i midten), Sidney Poitier og Charlton Heston ved Lincoln Memorial i Washington DC under ein borgarrettsmarsj i 1963.
 
Den 83-årige Harry Belafonte frå premieren på Sing Your Song, dokumentarfilmen om han, under Filmfestialen i Berlin i februar 2011.

Belafonte vart fødd i Harlem i New York City som son av Harold George Bellanfanti sr. frå Martinique og Melvine frå Jamaica. Belafonte fekk namnet Harold George Bellanfanti jr. etter faren. Frå 1932 til 1939 budde han hos bestemora på Jamaica.

Etter opphaldet på Jamaica kom han attende til New York, der han gjekk på George Washington High School, deretter gjekk han inn i US Navy under andre verdskrigen. Belafonte var ei aktiv støtte av den amerikanske borgarrettsrørsla og var sidan særs involvert i veldedigheitsarbeid og politisk aktivisme.

Karriere endre

På slutten av 1940-talet gjekk han på teaterskole og fekk deretter jobb ved ulike teater. For innsatsen sin i musikalen Almanac vann han ein Tony, som vert sagt å vera teateret sin Oscar.

Harry Belafonte er kanskje mest kjend for sin fremføring av «Banana Boat Song», med det kjende uttrykket «Day-O». Gjennombrotalbumet hans Calypso (1956) var det første albumet som selde over 1 million eksemplar. Han var den første afro-amerikanaren som vann ein Emmy-pris, med det første TV-programmet sitt Tonight with Belafonte.

Harry Belafonte har i tillegg til å spela inn ei mengd plater og heldt konsertar. Han spelte òg fleire rollar på teater, i filmar og i fjernsynsproduksjonar. I 2000 vart han tildelt Grammy Lifetime Achievement Award for bidraga sine i platebransjen. Han har dessutan blant anna fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. Belafonte er innehavar av den sørafrikanske Ordenen O. R. Tambos følgjevener.

Harry Belafonte var ein nær medarbeider av Martin Luther King jr. på 1960-talet og bidrog økonomisk til hans borgerettighetkampanjer. Belafonte er òg vorte utnemnd til goodwill-ambassadør for UNICEF.

Belafonte har dei siste åra markert seg som skarp motstandar av amerikansk utanrikspolitikk.

I 2011 kom Sing Your Song, ein dokumentarfilm om Harry Belafontes karriere og liv.

Ei av døtrene til Harry Belafonte, Shari Belafonte, er fotograf, skodespelar og modell.

Plateutgjevingar endre

  • 1954: "Mark Twain" and Other Folk Favorites
  • 1955: Three for Tonight (Original Soundtrack)
  • 1956: Belafonte
  • 1956: Calypso
  • 1957: Belafonte Sings of the Caribbean
  • 1957: Evening with Belafonte
  • 1958: Belafonte Sings the Blues
  • 1958: Presenting the Belafonte Singers
  • 1959: Belafonte at Carnegie Hall
  • 1959: Cheers: Drinking Songs Around the World
  • 1959: Love Is a Gentle Thing
  • 1959: Porgy & Bess
  • 1960: Belafonte Returns to Carnegie Hall
  • 1960: My Lord What a Mornin'
  • 1960: Swing Dat Hammer
  • 1961: At Home and Abroad
  • 1961: Jump Up Calypso
  • 1962: Many Moods of Belafonte
  • 1962: Midnight Special
  • 1962: To Wish You a Merry Christmas
  • 1963: Streets I Have Walked
  • 1964: Ballads, Blues and Boasters
  • 1964: Belafonte at the Greek Theatre
  • 1965: An Evening with Belafonte/Makeba
  • 1966: An Evening with Belafonte/Mouskouri
  • 1966: Belafonte-En Gränslös Kväll På Operan (An Evening Without Borders at the Operahouse)
  • 1966: Calypso in Brass
  • 1966: In My Quiet Room
  • 1967: Belafonte on Campus
  • 1968: Belafonte Sings of Love
  • 1969: Homeward Bound
  • 1970: By Request
  • 1970: Harry & Lena
  • 1971: Calypso Carnival
  • 1971: Warm Touch
  • 1972: Belafonte...Live!
  • 1973: Play Me
  • 1974: Belafonte Concert in Japan
  • 1977: Turn the World Around
  • 1981: Loving You is Where I Belong
  • 1988: Paradise in Gazankulu
  • 1989: Belafonte '89
  • 1991: Tradition of Christmas
  • 1993: Live in Concert at the Carnegie Hall
  • 1997: An Evening with Harry Belafonte & Friends
  • 1999: At Carnegie Hall
  • 2001: The Long Road To Freedom, An Anthology

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre