Sjögrenbreen
Sjögrenbreen er ein 20 km lang isbre sør på Trinityhalvøya, som flyt søraust frå Detroit Plateau og ut i Prince Gustav Channel inst i Sjögrenfjorden, sør for fronten av Boydellbreen. Han vart oppdaga i 1903 av Den svenske antarktisekspedisjonen under Otto Nordenskjöld. Han namngav han Sjögrenfjorden etter ein svenske som støtta ekspedisjonen økonomisk. At det var snakk om ein isbre vart oppdaga av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1945.
Sjögrenbreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Trinityhalvøya | ||
- koordinatar | 64°14′S 59°0′W / 64.233°S 59.000°W | ||
Lengd | 20 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Sjögrenbreen 64°14′00″S 59°00′00″W / 64.2333°S 59°W | |||
Wikimedia Commons: Sjogren Glacier |
Sjögren bretunge var ei bretunge av is som var mellom 8 og 10 km brei og som strekte seg 24 km frå Sjögrenbreen over Prince Gustav Channel mot Persson Island. Han vart kartlagt frå landmålingar av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) (1960–61). Bretunga var ei forlenging av Sjögrenbreen. Bretunga har vore borte sidan 1994 og området er no dekke av Prince Gustav Channel.
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Sjogren Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).