Sjølingstad Uldvarefabrik

AS Sjølingstad Uldvarefabrik er ein ullvarefabrikk frå 1894 som i dag er ein levande museumsfabrikk. Sjølingstad Uldvarefabrik ligg i Lindesnes kommune cirka åtte kilometer vest for Mandal.

Ullvarefabrikken ved Sjøllingstadbekken, Lindesnes.
Spinneriet i andre etasje.

Historie endre

AS Sjølingstad Uldvarefabrik vart konstituert som eit uansvarleg aksjeselskap 15. september 1893. Grunnleggjaren til fabrikken var August Hoven (1852–1911). Han kom frå Hoven i Halse og var utdanna lærar. Hoven kjøpte sitt første vannfall på Sjølingstad rundt 1890, og etablerte i 1891 Fredli Shoddyfabrik. Denne dreiv han parallelt med ullvarefabrikken heilt fram til 1940-talet.

Produksjonen ved Sjølingstad Uldvarefabrik starta i september 1894, med August Hoven som disponent. I 1910 måtte Hoven trekkje seg tilbake på grunn av sjukdom. Sonen, Andreas Hoven (1879–1949), tok da over som disponent. Han hadde tidlegare hatt meisterstillingar både i spinneriet og i veveriet. Andreas Hoven var også blant dei som hadde formell tekstilutdanning frå John Lennings vävskole i Norrköping. I 1949 døydde Andreas Hoven og sonen August d.y. tok over som fabrikkens disponent, ei stilling han hadde heilt fram til 1983.

Rundt fabrikken voks det fram eit lite industrisamfunn med arbeidarbustader, skule, butikk og ikkje minst disponentbustad. Desse bygga vitnar i dag saman med fabrikkbygningane om kor viktig industristaden var.

Styret valde i 1984 etter nesten 90 års drift å innstille den ordinære drifta på fabrikken.

Museumsdrift endre

Sjølingstad Uldvarefabrik fungerer i dag som ein levande museumsfabrikk. Etter at den ordinære drifta vart lagt ned, voks ideen om å bevare staden som industrimuseum fram. På slutten av 1980-talet opna fabrikken som museum, men med produksjon på dei gamle maskinane som eit viktig ledd i formidlinga av industrihandverk og industrihistorie. Sjølingstad Uldvarefabrik er ei avdeling av Vest-Agder-museet IKS.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Sjølingstad Uldvarefabrik