Sjømannskirken – Norsk kirke i utlandet
Sjømannskirken – Norsk kirke i utlandet er ein frivillig organisasjon som er sjølvstendig, men har band til Den norske kyrkja.[1] Organisasjonen har som mål å vere ein kyrkjeleg, kulturell og sosial møtestad for alle nordmenn i utlandet.
Sjømannskirken – Norsk kirke i utlandet | |||
Den norske sjømannskyrkja i San Pedro i Los Angeles i California | |||
Skipa | 31. august 1864 | ||
---|---|---|---|
Land | Noreg | ||
Grunnleggjar(ar) | Johan Storjohann | ||
Nettstad | https://sjomannskirken.no (norsk) |
Organisasjonen vart grunnlagd i Bergen 31. august 1864 under namnet «Foreningen til Evangeliets Forkyndelse for Skandinaviske Sømænd i fremmede Havne», sidan kjend som «Sjømannsmisjonen».
Ved sida av alminnelege gudstenester og kyrkjelege handlingar har organisasjonen lagt vekt på skipsbesøk, husbesøk og sjukebesøk. På 1970-talet utvida Sjømannsmisjonen på oppfordring av biskopane i Den norske kyrkja til å målgruppa til å omfatte alle nordmenn som oppheldt seg i utlandet. Ti år seinare vart dette følgd opp av Kyrkjemøtet, og i 1994 av Stortinget. Frå 1989 utvida organisasjonen namnet til også å omfatte «Norsk kirke i utlandet».[2]
I 1999 byrja Sjømannsmisjonen å drive kyrkje på internett, nettkirken.no, med eigne nettprestar.[2]
I 2003 bytta organisasjonen namn frå Den norske Sjømannsmisjon/Norsk kirke i utlandet til Sjømannskirken - Norsk kirke i utlandet.
Kjelder
endre- ↑ «Om oss», www.sjomannskirken.no (på norsk bokmål), 12. juni 2020, henta 26. januar 2023
- ↑ 2,0 2,1 Sjømannskirken (20. august 2020), «Sjømannskirkens historie», www.sjomannskirken.no (på norsk bokmål), henta 26. januar 2023