Opna hovudmenyen

Sjeminí ‘aṣéret (hebr. שמיני עצרת, 'den åttande dagen', uttalt shemini atzeret i sefardisk tradisjon og shmini-atseres i askenasisk) er ei jødisk høgtid som fell like etter sukkót, den 22. tisjré.

Den viktigaste skikken på denne dagen er ei bøn for regn, teffilat gesjrem, under den særskilde gudstenesten for dagen.

Dagen blir ofte rekna som ei eiga høgtid, skild frå sukkót. Han blir feira saman med simḥàt Torá i Israel og reformjødedom, medan denne høgtida kjem den neste dagen i den jødiske diasporaen.

KjelderEndra

  Denne jødedomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.