Sjlina (russisk Шлина́) er ei elv i Tver oblast i Russland og ei av sideelvane til Tsna. Elva er 100 km lang og har eit nedslagsfelt på 2 570 km². Elva har ei middelvassføring på 15,4 m³/s.

Sjlina
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 2 570 km²
Lengd 100 km
Middelvassføring 15,4 /s
Kjelde Valdajhøgdene
Munning Tsna
Kart
Sjlina
57°37′07″N 34°25′12″E / 57.6186°N 34.42°E / 57.6186; 34.42
Wikimedia Commons: Shlina River

Sjlina spring ut frå innsjøen Sjlino i Valdajhøgdene ved grensa til Novgorod oblast. Elva munnar ut i Tsna via Vysjnevolotskoje-reservoaret ved landsbyen Krasnomaysky.

Elva er populær hos turistar for vassport.

Kjelder

endre