Sjota Rustaveli-toppen
fjell på grensen Mellom Georgia Og Russland
- For diktaren, sjå Sjota Rustaveli.
Sjota Rustaveli er eit fjell i sentrale delar av Store Kaukasus, på grensa mellom Svaneti i Georgia og Kabardino-Balkaria i Russland. Det har ei høgd på 4 860 meter over havet, og vert rekna som det niande høgaste fjellet i Kaukasus. Fjellet har namn etter diktaren Sjota Rustaveli.
Sjota Rustaveli-toppen | |||
fjell | |||
Land | Georgia, Russland | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Store Kaukasus | ||
Høgd | 4 860 moh. | ||
Sjota Rustaveli-toppen 43°00′28″N 43°04′18″E / 43.007777777778°N 43.071666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Shota Rustaveli Peak |
Fjellsidene er dekte med isbrear og nokre av dei strekker seg langt ned i dei omliggande dalane.