Sjur Bygd (28. april 188929. oktober 1985) var ein norsk forfattar, gardbrukar, ordførar og banksjef busett i MyrkdalenVoss. Han debuterte i 1915 med novellesamlinga «Fjell-folk».

Sjur Bygd
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. april 1889
Myrkdalen
Død

29. oktober 1985 (96 år)

Periode 1915 - 1970
Debut Fjell-folk

Litterær produksjon endre

Sjur Bygd debuterte med Fjellfolk i 1915, ei samling forteljingar frå ei avstengd vestlandsbygd. I romanen Holmgang (1917) skildra Bygd dei psykologiske føresetnadane for ein bygdestrid. Det same gjer den store romanen Valplassen (1921). Eit av Bygd sine fremste verk, Luftspeglingar (1925) er ei samling noveller med same miljø. Andre betydelege romanar er I hamskifte (1949) og Mot blå berg (1957). Bygd var ein skarp psykolog, og kjende dei løynde tildriva i menneska, krokvegane deira, hyklarskapen, naturangsten og religiøsiteten. Med sin knappe stil og friske synsbilete skreiv han levande situasjonar om norsk folk og kultur.

Bøker endre

  • 1915 - Fjell-folk
  • 1917 - Holmgang
  • 1921 - Valplassen
  • 1925 - Luftspeglingar. Nokre bilæte
  • 1949 - I hamskifte
  • 1954 - Draumen
  • 1957 - Mot blå berg
  • 1970 - Mannen og natta

Sjur Bygd vann Melsom-prisen i 1955, og i 1976 fekk han Kongens fortenestemedalje i gull for innsatsen sin som bankmann, politikar og diktar.

Bakgrunnsstoff endre