Sjur Bø Tollefsen (fødd 27. mars 1969) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Skien.

Venstrehendte Tollefsen var rykkromspelar hos Skiens Ballklubb til 1992. Perioden 1992-96 var han IL Runar-spelar, der han var sentral då klubben vann kongepokalen i 1992 og på ny i 1995/96. I 1997 vart han dansk seriemeister med Gudme. Frå 1998 til 2000 spelte han for to tyske klubbar. Våren 2000 vende Tollefsen tilbake til Runar, men var mykje plaga med skadar. Til sist aktiv for Elverum IL frå 2003.

Tollefsen deltok i åra frå 1991 til 1998 i 104 av Noregs landskampar. Han skåra i alt 243 landslagsmål.

Kjelder endre