Sjursøya-ulukka fann stad 24. mars 2010Sjursøya i Oslo. Eit sett (utan tilkopla lokomotiv) med 16 jarnbanevogner for containerar tok då til å rulle ukontrollert ut frå stasjonsområdet på Alnabru under skifting, og på grunn av høgdeskilnaden gjekk vognsettet i stor fart ned til hamna på Sjursøya, der ein ekspedisjonsbygning vart råka av vognene og knust. Tre personar omkom, medan fire personar vart skadd.

Sjursøya-ulukka
Dato 24. mars 2010, kl. 13:15
Årsak Ukontrollerte godsvogner
Ulukkesstad Sjursøya i Oslo i Noreg
Passasjerar 0
Mannskap 0
Skadde 4
Omkomne 3

Historie endre

Om lag klokka 13:15 onsdag 24. mars 2010 rulla eit sett med 16 jarnbanevogner tilhøyrande CargoNet ukontrollert ut frå stasjonsområdet under skifting på Alnabru. Trafikkstyringssentralen valde å leie vognsettet i retning av Sjursøya, langs godstoglina Loenga–Alnabrulina. På Sjursøya spora vognene av og somme av dei rulla gjennom og knuste ein ekspedisjonsbygning på terminalområdet på hamna. Alnabru ligg om lag 90 meter over havet, og vognsettet skal det på det meste ha hatt ein fart på 90 til 140 kilometer i timen under den ville ferda langs Loenga–Alnabrulina og ned til Sjursøya hamneterminal. Jernbaneverket hadde fåfengt prøvd å stogge toget ved å spore det av ved hjelp av ei sporsperre.

I 1981 spora ukontrollerte godsvogner frå NSB av ved brua over Loenga, berre 100 meter frå Sjursøya. Ein tilsvarande episode med ukontrollerte godsvogner frå CargoNet skjedde òg på terminalområdet ved Trondheim Sentralstasjon 28. januar 2010, denne hendinga enda med berre materielle skadar.

Kjelde og bakgrunnsstoff endre