Sjursnes er ei bygd i Tromsø kommune i Troms. Ho ligg på vestsida av Sørfjorden, som er den inste delen av Ullsfjorden. Bygda ligg mellom fjorden og dei over 1200 meter høge fjella mot vest.

Sjursnes sett frå motsett side av Sørfjorden

Staden er bygdesenter for vestre Ullsfjord, og har dagligvarebutikk, legekontor, eldresenter, skule og barnehage. På Sjursnes ligg òg Ullsfjord kyrkje frå 1862. Bygda si hovednæring har tradisjonelt vore fiske og jordbruk, det siste spesielt ved den nordlege delen av bygda ved munningen av Lavangselva. I dag er bygda, i likskap med mange andre liknande bygder, prega av fraflytting og ein stadig eldre folkesetnad.

Fylkesveg 51 frå Breivikeidet går gjennom bygda og held fram 15 kilometer vidare sørover til Stordalstrand. Fylkesveg 52 går frå fylkesveg 51 på Sjursnes 10 kilometer nordover til Skarmunken, som ligg ved Storstraumen. 69°32′10″N 19°38′30″E / 69.53611°N 19.64167°E / 69.53611; 19.64167