Skeiser
Skeiser (fleirtal av skeise), eller skøyter (fleirtal av skøyte), er ein reiskap til å feste på føtene og skeise, eller skøyte, (gli bortover) med. Skeiser blir ofte nytta til sport og leik, både på is, der det finst, og på asfalt (rulleskeiser).
Skeiser til bruk på is har smale jarnmeier under, og meiene varmar opp isen og glir oppå vassflata som vert skipa rundt dei. Personen oppå skeisene fell ikkje igjennom sidan det finst meir is under vassflata. Menneskjer med skeiser kan få ein fart på over 60 kilometer i timen[1] under konkurransar i lengdeløp. Rulleskeiser har små hjul i staden for meier, og har igjen liten friksjon - grunna denne friksjonsmangelen er det vanskeleg å svinge med både rulleskeiser og isskeiser. Rulleskeiser kan nyttast i bakkar, som ikkje finst på isen, og ein rulleskeiseløpar kan nå hastigheiter på over 100 kilometer i timen i unnabakkar.[2]
Typar
endre- Bandyskeiser – for bandy
- Hockeyskeiser – for ishockey
- Kunstløpsskeiser – for kunstløp
- Lengdeløpsskeiser eller panserskeiser – for hurtigløp på skøyter
- Langløpskeiser – for langløp/turløp
- Skruskeiser – for born
Kjelder
endre- ↑ World records on slap, normal skates to be separated Arkivert 2005-11-23 ved Wayback Machine., frå avisa ShinanoMainichi, intervju med Ottavio Cinquanta skrive 21. februar 1998
- ↑ Guinness World Records