Skalbyggingsteknikk

Teknikk for trebåtbygging

Skalbyggingsteknikk er eit prinsipp for bygging av trebåtar. Bordgangane, huda, i båten vert forma som eit skal med ferdig skap, før innveden som bind saman og styrker skalet vert sett inn.

Herr har skalet fått si form uten at det er innsett band.

Ved klinkbygging vert båtborda klinka saman med båtsaum til eit skal. Etter kvart som skroget tek form, vert det styrkt med band, og annan innved. Frå Middelhavsområdet kjenner ein til at båtbord vart samanfesta med tappar og pluggar. Det gav eit skal med glatt båtside. Banda som vart sett inn vart forlenga over vasslinja, og så kunne det festast fleire bord til dei.

Denne tapp- og pluggteknikken vart nytta under bygging av Genesaretbåten.[1]

Fotnotar endre

  1. Arne Emil Christensen: Forfedrenes farkoster. Norsk skipsbyggerkunst fra de eldste tider Pax Forlag A/S Oslo 2022 side 174, ISBN 978-82-530-4310-4