Skarbøvik kyrkje

kyrkje i Ålesund kommune

Skarbøvik kyrkje er ei av soknekyrkjene i Ålesund kommune. Ho ligg i bydelen Skarbøvik på øya Heissa i Ole Thoresens gate 19, om lag tre kilometer vest om Ålesund sentrum. Kyrkja er reist i murstein og vart bygd i 1995 etter teikningar av arkitekten Oskar Norderval. Ho har kring 150 sitjeplassar. Dei første åra var kyrkja eigd av ei stifting i Ålesund sokn. I 2017 overtok Ålesund og Volsdalen kyrkjelyd drift og eigarskap.[1]

Skarbøvik kyrkje
kyrkje
Stad Skarbøvik, Ålesund
Periode Modernisme
Arkitekt Oskar Norderval
Innvigd 1995
 - Byggjeår 1995
Tårn Frittståande klokketårn ved sidan av kyrkja
Klokker Kyrkjeklokka kjem frå Olsen Nauen Klokkestøperi i Tønsberg
Sitjeplassar Ca. 150
Diverse Kyrkja vart bygd med mykje dugnadsinnsats etter at kyrkjelyden sjølv gjennom mange år hadde samla inn penger til ei arbeidskyrkje i Skarbøvika.
Kart
Skarbøvik kyrkje
62°27′57″N 6°06′38″E / 62.4658°N 6.1106°E / 62.4658; 6.1106

Fotnotar endre

  1. «Skarbøvik kirke», www.volsdalen.menighet.no, henta 20. desember 2022 

Bakgrunnsstoff endre