Skardørene er eit milelangt, djupt nedskore fjellpass på grensa mellom Noreg og Sverige i Søraust-Trøndelag. Passet ligg i beinvegen mellom Stockholm og Trondheim. Dei fleste og farlegaste svenske åtaka på Noreg gjennom tre hundre år, 1500-1800, kom difor gjennom dette passet, som Olaus Magnus, siste katolske erkebispen i Sverige, hevda at «forne tidres fyrstar» hadde hogge ut i fjellet.

Svenskane ville ta Trøndelag, kløyve landet i to, og så ta det bit for bit. Sjølve fjellet vert i dag kalla «Skardørsfjella», svensk «Skarvdörrfjällen», men det gamle folkelege namnet er Skardørene. Det var på dette fjellet at Carl Gustav Armfeldts finsk-svenske hær fraus i hel i 1718, vel den største militære katastrofen i Noreg nokosinne. Inkje difor å undrast at det var stor folkeleg mystikk knytt til Skardørene og Sylene like ved, der dei framleis reiser seg som ein kvit, langstrekt vegg mot grensa. Prost Stuevold Hansen, som knyt soga om Skardørene saman med det gamle regionsenteret Hov i Ålen, har og skrive vakraste stubben om fjellet: «Spurveguld», då morgonsola skein så vent på toppane, og prosten barnfødd like nedunder, i ungdomen skulle klatre til topps saman med brørne sine, sola gullglitra på snøen, og så ramla eine broren ned i skaret og slog seg ihel.

Bakgrunnsstoff endre