Hov i Ålen er ein gard i Holtålen kommune i Trøndelag fylke. Det har vore skyss-stasjon, kyrkje, gilde og tingstad på garden og han er det gamle senteret i rørosregionen. Han blei senter for Ålen kommune i 1854 og er i dag skole- og adminstrasjonssenter for Holtålen kommune, med adresse Hovsletta.

På staden finst store felt med gravhaugar der det under krigane med Sverige frå 1573 til 1814 vart bygd skansar. Ein del av ei gammal stavkyrkje på garden står i dag på Trøndelag Folkemuseum i Trondheim, som del av Haltdalen stavkyrkje. Før koparmalmen som grunnla Røros Kobberverk vart funne av Hans Aasen i 1644 var det einast vidsveimde Ålen med Tynset skog der Røros bergstad seinare voks fram mellom gamle setervollar. I mellomalderen hadde Ålen høgaste prosent bondeodel i Trøndelag, med konsentrasjon kring Hov. Der gjekk vegen frå Härjedalen i aust saman med vegen frå Østerdalen i sør.

Det gamle bygdesenteret har ned gjennom tidene vore opphavet for mange kjende ætter. Bergsvein var fornamnet mest nytta på sjølve Hov. I nyare tid er første offentlege person ein "Herr Bersuend Hoff" på 1600-talet. Han hadde kallsbrev på å verta prest i Holtålen, vart vraka av kyrkjelyden, slik Johan Falkberget fortel i "Nattens brød", der hovudpersonen An-Magritt køyrer med Hovistuten. Både ho og stuten har i dag statue i bygda, kapellanens namn vart ført vidare av fengselsdirektør Bergsvein Hov (1910-1992). Garden og folket er òg omtala i boka "Av jarleætt" kor Falkberget kallar garden for "Tun".

KjelderEndra

  • Jørn Sandnes: Ødetid og gjenreisning, 1971.
  • Ole Stuevold Hansen: Bygdefortællinger fra Tydalen, 1870
  • Eystein Eggen: Litt om Hov i Ålen, Gauldalsminne 1991
  • Visted og Stigum: Vår gamle bondekultur, 1951