Sylan

(Omdirigert frå Sylene)

Sylan (svensk Sylarna, samsisk Bealjehkh) er eit fjellområde i grensetraktene mellom Trøndelag i Noreg og Jämtland i Sverige.

Sylan
fjellområde
Land  Noreg,  Sverige
Høgd Storsylen: 1 762 moh.
Koordinatar 63°1′N 12°12′E / 63.017°N 12.200°E / 63.017; 12.200
Kart
Sylan
63°01′12″N 12°11′55″E / 63.02°N 12.198611111111°E / 63.02; 12.198611111111
Wikimedia Commons: Sylan

Sentralt i området ligg Sylmassivet med Storsylen (1762 m) som høgaste topp. Det er fleire turisthytter i området og Trondhjems Turistforening driv mellom anna Schulzhytta i Roltdalen, Storerikvollen og Nedalshytta ved Nesjøen. På svensk side finn ein mellom anna Blåhammarens Fjällstation, Sylarnas Fjällstation og Fjällstuga Helags. Det er eit godt utbygd rutenett for fjellvandrarar som strekkjer seg frå Kvitfjellhytta (Nord-Trøndelag Turistforening) under Skarvan i nordvest til Bydalen i Jämtland aust. Essand/Nesjøen (66km²) ligg ved Sylmassivet. Nesjø Båtutleie leiger ut båtar og sel fiskekort for Nesjøen. Sylan er foreslått verna som landskapsvernområde (vedtak er forventa i løpet av 2007).

Storsylen, nordryggen

Sylan kan vere relativt vêrharde og det har vore fleire dødsulukker. Den mest kjende var nyårsaftan 1718 då den svenske generalen Carl Gustaf Armfeldt mista rundt 3000 karolinerar (soldatar) i ein snøstorm.

Namnet endre

Den lokale norske uttalen av namnet er Sylan, og slik har kartverket vedteke at namnet skal skrivast på norsk. På eldre kart kan vi finne namneformer som ‘Sylane’ og ‘Sylene’, men ingen av desse namneformene er godkjende i dag.[1]

Bakgrunnsstoff endre

  1. Statens kartverk, arkivert frå originalen 1. februar 2016, henta 25. januar 2016