Skatoll (frå mellomalderlatin scatula, 'pengeskrin') er eit kombinasjonsmøbel med ein kommode nedst, eit rom dekt av ein klaff som kan slåast ned til bord i midten, og ein tilbaketrekt kommode med småskuffer øvst. Skatoll var moderne i barokktida som kombinerte skrive- og oppbevaringsmøbel, og dei er brukte heilt fram til vår tid.

Venetiansk skatoll frå 1700-talet.

Storslått utsmykka skatoll med løynde rom er ettertrakta bondeantikvitetar. I nyare tid har skatolla vore enklare bygde. I prinsippet minner skatollet om ein sekretær, men sistnemnde er gjerne nettare bygd.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre