Skedsmo prestegard

59°59′35″N 11°02′39″E / 59.9930985138°N 11.0442671393°E / 59.9930985138; 11.0442671393

Skedsmo prestegard. Historielaget held til i forpaktarbustaden til venstre.
Foto: Jan-Tore Egge
Skedsmo prestegard ved sida av kyrkja
Foto: Halvor Vreim/Riksantikvaren

Skedsmo prestegard eller Skedsmovollen gard ligg like sørvest for Skedsmo kyrkje, på den andre sida av Vestvollveien.

Opphavleg var Huseby[1] — der det no er bygdemuseum — prestegard i Skedsmo, men Skedsmovollen gard vart kjøpt inn til slik bruk i 1883[2]. Hovudbygningen er frå 1860 og vert brukt som prostebustad. Han vart restaurert i 2011 er framleis eid av Opplysningsvesenets fond. Derimot er forpaktarbustaden frå 1700-talet (som har hatt fleire bruksføremål) og stabburet frå 1800-talet no eigde av Skedsmo historielag[3]. Den tidlegare forpaktarbustaden vert no kalla Historielagets hus.[4]

Ein rideskole var i ei årrekkje knytt til prestegardsstallen, men vart lagt ned i 2006.[5] I området er det elles registrert over 40 gravhaugar frå jarnalderen.[6]

Fotnotar endre

  1. Lokalhistoriewiki
  2. Sjå òg Skedsmobladet Arkivert 2014-07-14 ved Wayback Machine. om den tidlegare historia til garden.
  3. Sjå t.d. Lokalhistoriewiki om historielaget, som er tilslutta Romerike historielag.
  4. Romerike historielag, arkivert frå originalen 5. mars 2016, henta 3. juli 2014 
  5. Prestegårdsstallen — Stallen ved Skedsmo kirke, arkivert frå originalen 14. juli 2014, henta 3. juli 2014 
  6. Lokalhistoriewiki

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Skedsmo prestegard
  Denne Vikenartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.