Skeikampen

fjell i Gausdal

61°21′5″N 10°4′59″E / 61.35139°N 10.08306°E / 61.35139; 10.08306

Gausdal sanatorium framom Skeikampen, kring 1890.
Foto: Axel Lindahl/Norsk folkemuseum
Skeikampen
Foto: Camilla Greve

Skeikampen (1123 moh.) er eit fjell i Gausdal kommune i Innlandet. På 1950-talet vart Skeikampen Alpinsenter bygd her, og vert i dag som eit av dei største og mest familievenlege anlegga i Noreg. Ved foten av fjellet ligg den høgastliggande golfbanen i landet. Banen vart opna i 1995, har 18 hol, par 70 og ei lengd på 5200 meter.

Skeikampen har den første stolheisen i Skandinavia med åtte sete. Skeikampen alpinsenter har ti heisar og 17 nedfartar. Skeikampen har òg 200 km med skiløyper.

Området rundt Skeikampen vert kalla Skei.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.