Skeise-VM 1978 i sprint-firkamp

Verdsmeisterskapen 1978 i sprint-firkamp på skeiser vart avvikla i Lake Placid i USA laurdag 11. og sundag 12. februar. Meisterskapen var den niande i sprint-firkamp. 57 utøvarar, 31 karar og 26 kvinner, deltok i meisterskapen.

Eric Heiden frå USA vart verdsmeister for andre året i rad, han sigra også i tre av distanseløpa. Norske Frode Rønning vann 500-meteren om sundagen og vart andremann samanlagt. I kvinneklassa vart Ljubov Sadtsjikova verdsmeister, etter å ha vunne begge løpa om sundagen. Laurdagen vann Beth Heiden og Kim Kostron, begge USA, høvesvis 500 meter og 1000 meter.

Verdsmeisterskapen 1978 i skeise-sprint/Menn

endre
Plass Utøvar Land Poeng
  Eric Heiden   USA 153,905
  Frode Rønning   Noreg 156,955
  Johan Granath   Sverige 157,670
4 Jos Valentijn   Nederland 157,825
5 Valerij Muratov   Sovjetunionen 157,905
6 Terje Andersen   Noreg 157,995
7 Oloph Granath   Sverige 158,820
8 Jan Jozwik   Polen 159,900
9 Jevgenij Kulikov   Sovjetunionen 159,965
10 Peter Mueller   USA 160,815
11 James Chapin   USA 160,835
12 Lee Yeong-Ha   Sør-Korea 160,930
13 Sies Uilkema   Nederland 161,045
14 Øystein Konsmo   Noreg 161,525

Dato: 11./12. februar

Verdsmeisterskapen 1978 i skeise-sprint/Kvinner

endre
Plass Utøvar Land Poeng
  Ljubov Sadtsjikova   Sovjetunionen 174,670
  Beth Heiden   USA 174,850
  Erwina Ryś-Ferens   Polen 177,485
4 Kim Kostron   USA 178,195
5 Connie Paraskevin   USA 178,500
6 Haitske Pijlman   Nederland 178,750
7 Cornelia Jacob   Aust-Tyskland 179,260
8 Annette Karlsson   Sverige 179,965
9 Lisbeth Berg   Noreg 180,030
10 Sylvia Burka   Canada 180,285
11 Sophie Westenbroek   Nederland 180,545
12 Kathy Vogt   Canada 181,300
13 Pat Durnin   Canada 181,360
14 Cindy Seikkula   USA 181,430
15 Ann-Sofie Järnström   Sverige 182,295

Dato: 11./12. februar

Kjelder

endre