Sylvia Burka

canadisk skeiseløpar og sykkelryttar

Sylvia Burka (fødd 4. mai 1954) er ein kanadisk tidlegare skeiseløpar og syklist frå Winnipeg i Manitoba som vart verdsmeister på skeiser i firkamp i 1976 og i sprint i 1977.

Sylvia Burka


Statsborgarskap Canada
Fødd 4. mai 1954 (70 år)
Winnipeg
Idrett sykkelsport, lengdeløp på skeiser
Tok del i Vinter-OL 1976, Vinter-OL 1980, Vinter-OL 1972, Skeise-VM 1970 for kvinner, Skeise-VM 1971 for kvinner, Skeise-VM 1972 for kvinner, Skeise-VM 1973 for kvinner, Skeise-VM 1974 for kvinner, Skeise-VM 1976 for kvinner, Skeise-VM 1977 for kvinner, Skeise-VM 1978 for kvinner, Skeise-VM 1979 for kvinner, Skeise-VM 1980 for kvinner, Skeise-VM 1970 i sprint-firkamp, Skeise-VM 1971 i sprint-firkamp, Skeise-VM 1972 i sprint-firkamp, Skeise-VM 1973 i sprint-firkamp, Skeise-VM 1974 i sprint-firkamp, Skeise-VM 1976 i sprint-firkamp, Skeise-VM 1977 i sprint-firkamp, Skeise-VM 1978 i sprint-firkamp, Skeise-VM 1979 i sprint-firkamp, Skeise-VM 1980 i sprint-firkamp
Utmerkingar Canada's Sports Hall of Fame

Karriere

endre

Skeiser

endre

Burka debuterte i skeise-VM så tidleg som i 1970, knappe 16 år gammal. I 1973 gjekk ho til topps i verdsmeisterskapen for juniorar. OL-sesongen 1976 skreid ho inn til fjerdeplass på 1000 m under vinterleikane i Innsbruck. Vel ei veke seinare overraska ho med å vinne Skeise-VM 1976Gjøvik stadion, før ho så tok bronsen i Sprint-VM i Vest-Berlin. Året etter vann Burka ein suveren siger då Sprint-VM 1977 fann stad i Assen i Nederland. I 1979 sikra seg ho seg bronseplassen ved skeise-VM i Haag. Då OL-sesongen 1980 var over, la ho opp.

Sykling

endre

Burka vann 12 nasjonale meistertitlar i ulike sykkeløvingar, mellom anna vart ho kanadisk meister landevegssykling i 1977, 1978 og 1980.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre