Skeise-VM 1985 for kvinner

Verdsmeisterskapen på skeiser 1985 for kvinner fann stad i Sarajevo i dåverande Jugoslavia helga 9. og 10. februar 1985. 31 utøvarar frå 15 land deltok i stemnet, av dei einast ein frå Noreg. Meisterskapen i firkamp bestod av dei fire øvingane 500 m, 1500 m, 3 000 m og 5 000 meter.

Andrea Mitscherlich frå Aust-Tyskland var best på alle dei fire distansane og vart verdsmeister for andre gong, med seg på sigerspallen hadde ho landskvinnene Gabi Schönbrunn og Sabine Brehm.

Resultat

endre
Plass Utøvar Land Poeng
  Andrea Ehrig-Mitscherlich   Aust-Tyskland 173,853
  Gabi Schönbrunn   Aust-Tyskland 176,798
  Sabine Brehm   Aust-Tyskland 177,122
4 Yvonne van Gennip   Nederland 178,067
5 Olga Plesjkova   Sovjetunionen 179,588
6 Heike Schalling   Aust-Tyskland 179,963
7 Seiko Hashimoto   Japan 180,134
8 Irina Fatejeva   Sovjetunionen 181,359

Kjelder

endre