Skeise-VM 1989 i sprint-firkamp

Verdsmeisterskapen 1989 i sprint-firkamp på skeiser vart avvikla laurdag 25. og sundag 26. februar i Heerenveen i Nederland. Meisterskapen var den 20. i sprint-firkamp. 65 utøvarar, 35 karar og 30 kvinner, deltok i meisterskapen.

Igor Zjelesovskij frå Sovjetunionen vart verdsmeister for tredje gong med verdsrekordsiffera 145,945. Laurdagen vann han begge distansane, sette verdsrekord og presterte livsbeste 1.12,58 på 1000 meter. Sundagen sigra austtyske Uwe-Jens Mey på 500 m og Zjelesovskij på 1000 m. Bonnie Blair frå USA vart verdsmeister i kvinneklassa, etter å ha vunne begge 500-meterane. Fjorårsmeisteren Christa Rothenburger frå Aust-Tyskland sigra på dei to 1000-meterane.

Verdsmeisterskapen 1989 i skeise-sprint/Menn

endre
Plass Utøvar Land Poeng
  Igor Zjelesovskij   Sovjetunionen 145,945
  Uwe-Jens Mey   Aust-Tyskland 146,770
  Andrej Bakhvalov   Sovjetunionen 147,285
4 Dan Jansen   USA 147,390
5 Nick Thometz   USA 148,130
6 Ki-Tae Bae   Sør-Korea 148,135
7 Eric Flaim   USA 148,610
8 Guy Thibault   Canada 148,660
9 Andre Sobeck   Aust-Tyskland 148,785
10 Yasushi Kuroiwa   Japan 149,130
11 Hozumi Moriyama   Japan 149,365
12 Jan Ykema   Nederland 149,525

Dato: 25./26. februar

Verdsmeisterskapen 1989 i skeise-sprint/Kvinner

endre
Plass Utøvar Land Poeng
  Bonnie Blair   USA 159,435
  Christa Rothenburger   Aust-Tyskland 159,600
  Seiko Hashimoto   Japan 162,395
4 Ingrid Haringa   Nederland 163,560
5 Christine Aaftink   Nederland 163,675
6 Song Hwa-seon   Nord-Korea 163,920
7 Shelley Rhead   Canada 164,000
8 Monique Garbrecht   Tyskland 164,725
9 Yoo Seon-hee   Sør-Korea 164,830
10 Emese Hunyady   Austerrike 164,880
11 Zofia Tokarczyk   Polen 165,385
12 Herma Meijer   Nederland 165,420
13 Heike Pöhland   Tyskland 165,765
14 Shiho Kusunose   Japan 166,380
15 Edel Therese Høiseth   Noreg 166,480

Dato: 25./26. februar

Kjelder

endre